foCus Quartet, som tidlegare var ein trio med brødrene Jan-Tørres, Terje og Per Nordstrand, har i over 35 år sunge evangeliet på bedehus, i kyrkjer og i andre samanhenger, og har farta over heile landet med songen vår, kjend som ”Br. Nordstrand.” Me har også delteke på gospelfestivaler i utlandet, m.a. på den årlege og tradisjonsrike songfestivalen ”National Qartet Convention” i Louisville i USA. Dette er den største mønstringa innan denne songtradisjonen og samlar rundt 25.000 mennesker frå heile USA.
Etter at Terje Haveland slutta seg til, er trioen utvida til kvartett. Repertoaret er variert, frå gode gamle bedehussongar, til songar me har henta og oversett frå amerikansk sørstats-gospel. Ein songstil som ikkje har noko lang tradisjon i vårt land, men etter kvart byrja å verta kjent, m.a. på grunn av Bill Gaither sin ”Homecomming” produksjon på video og plater. Me skriv også songar sjølve. Den klåre evangeliske bodskapen, framført i ei variert tonedrakt og ein lett folkeleg uttrykksmåte, er eit varemerke for oss i ”foCus Quartet”.
Me har også gjort tre CD-innspelingar. Den fyrst på Lynor. Dei to siste i Nashville, med Ben Speer som produsent og lokale musikarar. Om denne skriv Lynor:
” Med seg har de Ben Speer som produsent, mannen som i en årrekke har vært musikalsk ansvarlig i Homecoming-sammenheng. Dette bærer også denne innspillingen preg av: Det er fengende melodier og flerstemt mannssang, kledd inn i et organisk lydbilde av Nashville-musikere av ypperste klasse.”